søndag, januar 24, 2010

Sentralrenna Karifjellet revisited

Sentralrenna på Karifjellet har vore beskreve her mange gongar før, men iår er forholda på dette fjellet svært spesielle. Sentralrenna er uvanleg oppfylt med is. Biletet under viser renna sett fra vegen opp mot Holevatnet. Cruxet på ruta ligg i denne vertikale issøyla tydelig synleg under den smale toppslukta, 3/4 oppe. Anmarsjen går gjennom skogen og opp i høgrekanten av elva som går ned under veggen.
Anmarsjen gjekk først på ski inn til foten av fjellet, her vart ski bytta ut med sko og etterkvart stegjern. Snøen var temmelig hardpakka etter vinden forrige helg, og ei utgliding her var vi ikkje lystne på.
Første 100 meterane av renna gjekk fort på ei blanding av snø og klippe. Men så var det ingen kjære mor lenger, bildet under er tatt fra første standplass, underteikna igang med første taulengde. Til høgre ser ein sentralrampa, denne er synleg frå vegen, og går frå renna og vidare heilt til topps omlag midt i veggen.
Iskvalieten var heilt superb, plastisk og fin, økser og stegjern sat godt. Turen forløp likevel ikkje heilt utan dramatikk, Ulrik mista eine stegjernet over cruxet, men Robin fekk heldigvis tak i dette. Sjølv mista eg øksa eingang, men den stoppa heldigvis i et lite snøfelt. Nokre skruar og boltar står òg att etter diverse misforståingar, men pytt pytt, ruta skal vel klatrast igjen.
Under er underteikna igang med å lede cruxlengda, ikkje fritt for både legg- og armpump her, men nydelig vedvarande taulengde!



Robin følger siste meterane opp til stand i toppkaminen. Dette er ein fantastisk flott plass!





Robin på veg opp mot utsteget. Toppkaminen var fylt til randen med is!






Underteikna ledar siste lengde ut av kaminen.
Så befant vi oss tilslutt på toppen, glade med utan følelse i leggane! Turen er fantastisk flott, og anbefalast på det sterkaste dersom ein har leda litt is før. Det meldt ein del snø til veka etter det eg forstår, så dersom ein vil ha optimale isforhold, er det tid for å klatre renna innan onsdag.
Tilslutt takk til Robin og Ulrik for godt turfølge!
Mvh
Frank-Jakob Sandbakk






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar