søndag, april 18, 2010

"Den Kinesiske mur"

På tide med litt nytt på bloggen. Det har vore lite aktivitet i det siste. Underteikna nytta fineveiret forrige veke til litt ein tur på "Den kinesiske mur", ein fantastisk egg som går mellom Skavteigfjellet og Torvfjellet. Turen startar frå Auflem i Olden og opp på Auflemfjellet på 1500 moh. Muren kjem til syne i sin heilskap når ein kjem på toppen av Skavteigfjellet.




Utsynet frå Auflemfjellet er stor både ut Nordfjorden og til den omkringliggande fjellheimen. Dette er så absolutt ein fjelltur med mykje utsikt.


Frå Auflemsætra ser ein inn Fosdalen og mot Skåla. Både oppturen og nedturen frå Auflemfjellet er hyggeleg når forholda er gode.

2 kommentarer:

  1. Hei Rune. Er Auflem og Auflemfjellet det same som på kartet heiter Avlein og Avleinsfjellet? Torvfjellet står heller ikkje på kartet, er dette det same som Meleinsnibba? Ellers lurer eg på toppen vest for Meleinsnibba, 1565 moh. Har den noko namn?

    Ove Lotsberg

    SvarSlett
  2. Hola Ove. Avlein og Auflem er det same. Torvfjellet er det fjellet som heite Melheimsnibba på karta. Fjellet rett vest heite Skavteigfjellet

    SvarSlett