søndag, september 26, 2010

Sentralhammer Karifjellet

Det har i haust vore høg aktivitet i sentralhammerane i Karifjellet. Feltet ligg i sørveggen,anmarsj går via Svartevatnet,deretter 3/4 opp flanken på søraustsida. Herfra krysser ein austrenna og har då hammarane rett over seg. Feltet er delt i to, ein øvre og nedre vegg. Nedre er delvis overhengande, men er gjennombrutt av mange flotte risslinjer. Øvre er slakkare,men med overhengande seksjonar. Her er det enormt med riss, og potensialet for nye ruter er stort.

Under er oversikt over veggen med rutene til no forsøkt teikna inn(zoom inn).
1: Rookie avenue 2tl, grad 5
2:Rissrenessansen 2tl, 6+
3:Prosjekt, 7/7+?
4:Prosjekt
5: utan namn 1tl, 5
6: Prosjekt, 1tl


Underteikna på et av prosjekta, truleg 7-/7 Underteikna går 1.tl Rissrenessansen, kanskje til no flottaste ruta på feltet, 2tl, 6+. Hard rissklatring.
2 klatrar følger ny rute som vart gått igår i øverste veggen, grad 5.
Robin ledar første lengda på Rookie Avenue, 2 lengder grad 5. Flott eksponert og velsikra klatring ut eggen.


Robin ledar 2.taul. Rissrenessansen, tung 6- gjennom henget.


Feltet er sørvendt og såleis egna for klatring frå tidleg om våren til seint hausten. Topo vert seinare lagt ut på klatre.com når prosjekta er klatra. Om nokon går nye ruter, er det fint om desse vert rapportert inn. God tur!


Frank-Jakob Sandbakk

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar