onsdag, oktober 13, 2010

Ein annleis klatretur

Rokken sett frå riksvegen, sørvestegga i siluett til venstre.

Vestveggen på Hornindalsrokken har lenge stått for tur. Mang ein gang opp sørvesteggen har vi kikka inn i denne og sett ut ei linje opp, og søndag skulle altså veggen prøvast. Vanleg, halvalpin start fra Stryn, noko skya natt gjorde at morgentemperaturen var levelig. Men etterkvart som ein nærma seg innsteget innsåg ein fort at vestveggen vart noko ambisiøst, skodda hadde nemlig gjort denne søkkvåt. Det vart difor avgjort at vi fekk prøve å ta oss opp klassikeren sørvestegga istaden.
To første taulengder var lite moro, glatt og sleipt fjell og iskalde fingrar, men ved ankomst det kvite bandet letta heldigvis skodda litt,og sola fekk tak. Vidare oppover var det berre kos til vi ankom 6.stand, her hadde telefonen til Robin ringt som besatt siste meterane opp, og ikkje mindre enn 11ubesvarte anrop venta. Det viste seg raskt at ein større leiteaksjon var under oppsegling, eit ras hadde angivelig gått og nokre turgåarar hadde hørt rop i forkant. Mens vi orienterte oss via tlf, byrja eit sea-king helikopter tydelig å søke etter folk under oss. Vi gjorde straks teikn til at alt stod bra til, og ikkje lenge etter oppdaga helikopteret oss, og starta søket lenger sør. Vi fekk deretter varsla bekymra familie, som igjen varsla AMK og politi, og kort tid etter vart aksjonen avblåst, då det synte seg at det faktisk var oss dei leita etter.

Litt skjelvne etter det som hadde hendt toppa vi ut kort tid etter i nydelig ettermiddagssol, og oppe møtte vi dei som hadde starta aksjonen. Dei hadde sett nokre steinsprang tidlegare på dag ned mot blåvatnet etter å ha gått noko feil grunna skodda. Dei hadde hørt rop i forkant av steinspranget, og såleis antatt at klatrarar var i nød. Stemmene forsvant etter raset,naturleg nok ettersom vi bevega oss vidare opp i veggen. Vi takka for omtanken og satte saman kursen heimover etter det som truleg var årets siste klatretur.

3.taulengde, fortsatt relativt kaldt.


Igang med 4. taulengde, nydelig klatring!


Robin følger 3.lengde, svaskoa er tatt på og fingrane opptina.

Takk til Robin for flott turfølge.


Frank-Jakob

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar