onsdag, desember 29, 2010

Skarsteinfjellet 1566 moh


Skarsteinfjellet vart turmålet tredje juledag. Jan Rune og underteikna la i veg frå Remestøylen frå Innvik. Vi gjekk via Hestehytta og opp renna som ligg på kanten ned mot Innvikdalen. Skarsteinfjellet er ikkje rasutsett frå denne sida, og det er ein enkel veg til topps.


Rett før toppen nådde vi igjen sola og fekk nyte ein liten times tid med flott vintersol. Kaldt, godt føre, 10 -15 cm med pudder heilt til topps. Det var lite snø på toppen, så det vart litt steinkøyring her og der på veg ned igjen. Ned i skogen var det rett så hyggelege forhold.


Bilde over ser ein ned mot Innvik og over på Nordsida. Fjellet har mange alternative nedfartar. Frå Skarsteinfjellet kan ein renne ned igjen mot Innvik. Dei beste nedfartane ligg på nordsida av fjellet ned mot Olden. Den argaste går ned Greinefonna når forholda tillet den type køyring. Det er også mogleg å gå inn på bandet mellom Ceciliekruna og Skarsteinfjellet for då å ta seg ned i Innvikdalen.


Toppvarden med utsikt mot Skåla, Storskredfjellet og Bings Brekuppel. Det er berre å spennje på deg skia for no er det spor til topps!

God jul og godt nytt år!

1 kommentar:

  1. Såg flott ut, bør prøvast skjønnar eg !

    Frank-Jakob

    SvarSlett