søndag, februar 13, 2011

Botneskrednibba-Holeskarehornet

Botneskrednibba (Kyrkjenibba tïl høgre)

I dag hadde eg heile fjellet for meg sjølv. Starta ved Stryn skisenter kl. 11.15 og tok skitrekka opp i Steindalen. Skiføret var ok, litt skavlete men lett å gå. Turen gjekk over Småeggene og til Botneskrednibba i flott veir - men kalde vind..

På toppen av Natakupa vart det ståande lunsj i ly av varden. Vidare gjekk turen over Hestefjellnibba, Karifjellet og Holeskarehornet. Etter litt vurdering - gjekk eg halvvegs tilbake til Karifjellet og rende den flotte sida ned til Holevatnet.

Tilbake ved Stryn skisenter hadde eg brukt 4,5 timar på turen.

Sjå bilete frå turen her.
God tur til nestemann!

2 kommentarer:

  1. Hei.

    Er det noen som har en formening om det kan være fint på Skåla nå?
    Ser det er meldt veldig fint vær til helga så vurderer en tur vestover.

    Eivind Gjørven Opsahl.

    SvarSlett
  2. Har komt store mengder snø og vore ekstremt mykje vind siste tida. Snøpakken har truleg ikkje satt seg skikkelig enda heller. Ville heller valgt en mindre utsatt tur, som f.eks Storskredfjellet fra Meland,, sjølv om denne diverre går mykje i skuggen enda.

    SvarSlett