laurdag, februar 19, 2011

Torvald og porlemålen på Staurinibba


Topptursesongen står for døra og ein kunne ikkje drøyme om betre forhold. Vindstille i fjellet, strålandes sol og massa snø i fjellheimen. Eg og Jan Rune parkerte ein bil inn på Bønen og drog ut til Oppheim for å gå opp der. Planen va å gå frå Oppheim til Staurinibba for så å renne ned til Lohøgesætra. På bilde over Jan Rune i godt drev ned til stølen i fantastisk snø.


På veg oppover. Rett over for Oppheimsætra
Det ligg ein del flott køyresnø i søraustlege heng som ikkje har blitt så pakka av vinden som var. Så er ein ute etter fin køyring bør ein søkje opp desse henga. Staurinibba er perfekt plass. Bratt, 800 høgdemeter køyring før ein kjem ned i tettskogen samt dette er ein variert tur med mykje utsikt.

Utsikt frå toppen
Rypedalsegga
Rypedalsegga blir ein topptur i løpet av kort tid. Den midtflanken skal køyrast folkens!. Opp på Bjønnakjelda kvelden og vidare til topps dagen etter. Dette bli ein Svedje og Fjell i løpet av ein månads tid. 

Torvald
Lohøgesætra. Se, se på skispora bak!
Staurinibba er tett på 1400 moh. Ned mot Lohøgesætra får ein glade 800 meter med M+ køyring. 100 -200 meter nedanfor sætra bli det tett skogen, men det går å krongle seg ned på ski. Følg den raudmerka stien ned igjen. Det er djupt juv som stien går langs. Dit ned skal ein ikkje! Ved ustabile forhold bør ein velje ein anna tur enn denne. Då det lett kan rase ut nedanfor sætra.

Takk for ein fantastisk tur Jan Rune

Ha ein strålandes topptursesong
Rune Holen 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar