søndag, september 18, 2011

Septembersnø på Tindefjellet

Frå toppen av Tindefjell. Yngva Nielsens tind til venstre.
Til tross for nysnø i høgfjellet var lysta på alpinklatring såpass høg at underteikna og Robin beslutta å gjere eit forsøk på Tindefjellet.

Robin ledar siste taulengda opp til vesttoppen.
Robin på rappell. Tauet kilte seg på eine rappellen og vi måtte oppatt på prusik for å løsne, ikkje moro!!
Bildet over syner dei flotte,alpine ryggane frå Tafsehyrna opp til Tindefjellsryggen. Få plassar er utsikta like storslagen som her!
Oppe ved Tindefjell vesttopp. Hovedtoppen, også kalla Stor havalden eller Havaldetreet rett fram. Varden balanserar fint ute på kanten. Mykje snø kompliserte klatringa litt, men sola varma godt.
Den flotte,alpine ryggen oppatt til vesttoppen. Fin og luftig klatring, men diverre mykje laust!
Returen gjekk fort, den nært foreståande Oktoberfesten kan ha hatt noko med det å gjere.
Takk for fin tur!
Frank-Jakob

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar