tysdag, september 13, 2011

Skogsdugnad, generalsamling Svedje og Fjell og Afterskogsparty 29 oktober

Hola Svedje og Fjell

Vi skal til skogs og rydde nye linjer til kongvinter igjen legg seg over Stryn. 29 oktober på skisenteret. Oppmøte på skisenteret. Meir info kjem på sms, mail og facebook.

Vi hogg ikkje i fjor så vi får dra på skikklege i år. Håpar MANGE stille på til årets skogsdugnad. Ta med høvleg utstyr............ Treng du inspirasjon kring utstyr sjå utstyrsdebatten på Svedje og Fjell på facebook. 

Etter dugnaden skal vi ha den fyrste generalsamling i Svedje og Fjell + Afterskogsparty. Det sjøloppretta styre vil informere om ymse og så håpar vi på gode innspel og tilbakemeldingar frå forsamlinga. 

Styre:

Rune Holen, Halvard Avdem, Benny Fredheim, Jan Rune Turøy, Jan Rune Loen og Henriette Vinsrygg Moen

Saker på noverande tidspunkt:
  • Aktivitetar for komande år. Fellesturar??
  • Dugnad. Igloobygging og skogsrydding
  • Statutter og medlemskap Svedje og Fjell
  • Bloggen, korleis skape meir aktivitet der
  • Økonomi, ja vi har faktisk ein konto
  • Info Stryn Vinterski
  • Medlemsfordelar. Styre skal sjå om vi får drege i land nokon avtalar her og der
  • Anna og kanskje nokon andre ting


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar