tysdag, februar 07, 2012

Måne, pudder, nordlys og utsikt

Flotte nordlys over fjellheimen i Stryn
Ein liten trimmetopptur i lag med Loen på Årheimsfjellet vart full klaff. Strålande måne, lett pudder, strøken utsikt og nordlys av beste sort. Då var det berre å lirke fram kamera og knipse i veg i håp om å treffe eit blinkskot.

Utsikt over Olden og Loen i måneskinn
Nedturen gjekk i lett pudder til Rakssætra og vidare til Oppheim. Nesten ikkje naudsynt med pannjelykt med sånn lysforhold som det var i dag.

Olden in the moonlight.......

1 kommentar: