søndag, juni 08, 2008

Molladalen - eit tindemekka...




Endeleg fekk Frank-Jakob oppleve regionens skjulte klatremekka - Molladalen i Ørsta. Fredag 6. juni gjekk turen oppover til Sunnmøre. Under ferjeturen på Hjørundfjorden fekk vi første synet av tindane, med Holtanna, Mohns topp og Bladet i kveldssola.

Frå Erdalen ved Barstadvik måtte vi ta beina fatt, og etter ca 1,5 timers gange var vi framme ved teltplassen. For eit skue; pinaklar, skarpe tindar og ryggar i eit antal som ikkje fins andre stadar i landet.

Vi bestemte oss for å bruke neste dag på ryggtraversen over Molladalsgubben. 425 m fordelt på 12 taulengder. Etter 7,5 timar var vi på toppen, tome for vatn og solbrende. Fantastisk tur og god fjellkvalitet. Etter ein rask tur oppå Jønshornet/Ramoen, gjekk turen ned den snødekte Jønshornrenna på 15 minutt!

Søndag var satt av til ein nydeleg smal og høg pinakkel med namnet "Raudetårnet", som er omlag 100 m høg. Ruta hadde vanskegrad 5-, bratt klatring i flotte fjellformasjonar. Frank-Jakob leda dei fire taulengdene til topps. Retur vart gjort via 2-taulengders rappell. For ein tur...!!

Vi reiste heim til Stryn med eit stort smil om munjen, og var begge einige i at Molladalen vil vere med på turprogrammet i åra framover.

Helgas sitat: "Kar f.. e teltet henn..?!"

Mvh.
Frank-Jakob Sandbakk og Per Helge Bø
Sjå fleire bilder frå turen her.

1 kommentar:

  1. Ditta såg bra ut. Trur eg vil vere med meste gang vis eg får lov : )

    Har rydda litt i bilda. Laga ein lysbilde for Molladalen og ein til deg Per Helge. Trur det kjem fleire bilde frå Molladalen ut over sommaren etter denne framvisninga!!!!!!!!

    Vi snkkes

    SvarSlett