laurdag, august 30, 2008

vestryggen Stryneskåla 1848m.o.h.

Ein flott julidag 2008 dro karane Johan Olai Svidal, Ulrik og Frank-Jakob Sandbakk iveg for åklatre Vestryggen på Stryneskåla. Sistnemnde har sikla på denne lenge, spesielt sidan vestrenna på Stryneskåla vart klatra tidlegare i vinter. Endeleg var dagen komen, vêret var perfekt, rikelig snø på breen og klatreformen bra. Anmarsjen er som for Skåla til ein når den første store høgresvingen etter Sjingla. Her tek ein til venstre og følger Fosdalen inn til brekanten. Her er det på med sele og stegjern, til tross for ein snørik vinter var mange sprekker synlege. Breturen forløp utan nemneverdige problem, to isfelt vart greit forsert. Ein tek så sikte på første hylle/avsats på sjølve ryggen. Her tek klatringa til, men starten var såpass grei og lite utsatt og vi klatra difor med løpande mellomforankring. Etter ca 100 meter dreg det seg til, og det er på tide med taulagsklatring. Klatringa var overraskande fast,bratt og fin, og held ca vanskegrad 4. Etter 3 bratte lengder flatar ryggen noko ut og klatringa er lett men flott og luftig inn til topphammaren. Her valde vi ein variant på venstresida. Denne var grei nok, men noko laust fjell. Anbefalar andre, og kjem sjølv til å prøve fronten eller evt. ein variant ute i sørveggen neste gang, sjølv om dette ser ut til å halde iallefall solid grad 6. Vel oppe kan ein nyte den fantastiske utsikta, for deretter å traversere bort til Skålatårnet. Retur herfrå som vanleg!Flott tinderangel som tek ein laaang dag, men som verkeleg kan anbefalast. Potensialet for fleire ruter,spesielt i toppen er absolutt til stades. Ryggen er såvidt vi veit ikkje klatra før, og andre nyvinningar kan rapporterast inn til webmaster på klatre.com, slik at desse kjem med i ny utgåve klatreførar for Stryn.
Bilder frå turen ligg i galleriet.

Tusen takk for turen !

Frank-Jakob Sandbakk

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar