måndag, november 24, 2008

Snorkelopning!

Opninga av skisesongen 2008/2009 går inn i historisebøkene som ein av dei argaste i Stryn si historie. Det skal ikkje meir te enn botnalaus pudder og ein heis som går for for at medlemane i Svedje og Fjell skal ha det kjekt. Ord som glede, hygge, komiske, rått og fantastisk vart ofte nytta ved ulike høve.
Odd Arne testar ut dei nye linjene i skogen
...... tett følgt av Furen
Furen igjen på veg ut i det fri....
Ein knippe Svedje og Fjell medlemar på veg til skogs....

Ein ny meter med snø skal vere på veg til vestlandet på onsdag og torsdag. Det bli nok ikkje pudder heilt ned, men det ser svært lovande ut for Steindalsheisen. 

PS! Dei som ikkje er registrert som medlem i Svedje og Fjell kan sende ein e-post til fjellholen@hotmail.com, så skal det bli fiksa. 

2 kommentarer: