laurdag, januar 10, 2009

"Luft under vengjene" og skareføre















Natt til fredag 09. januar regna det heilt til topps, og med oppklarning til laurdagen, vart det skareføre i fjellet. Lavtrykka ligg i kø, og i dag var det sterk vind i høgda.

Bilda er frå dagens tur på Småeggjene og under Natakupa. Flott felleføre og ok å renne ned igjen.

Steindalstrekket måtte etterkvart stenge pga vinden, og her var det berre å gå ned i hockey for å få opp farten i den kraftige blesten frå syd.

1 kommentar:

  1. Rapport frå fjellet:
    Siste dagane har det blåst kraftig i fjellet. I dag vart det målt vind på over 25 m/s på Småeggene og i Bubergskaret. Dette har medført glasering av fjellheimen, og sjølv i moderat stigning får fellene ikkje nødvendig grep.

    I går var Frank-Jakob og underteikna på tur over Hestefjellet og Karifjellet. Med knallhard skare var vi enige om at stegjern hadde vore tingen.

    Yr.no melder austeveir minst ei veke til. Vi kan derfor forvente ekstreme forhold også komande helg. Ta derfor med stegjern dersom du skal gå på utsatt/bratt.

    Mvh

    Per Helge

    SvarSlett