søndag, april 05, 2009

Skarsteinfjellet 1566 m.o.h

I beste norske påskeånd og i strålande sol fall turvalet på Skarsteinfjellet. Dette er eit fjell som kan ha startpunkt både i Olden og Innvik. Lettaste vegen er nok frå Innvik frå Drageset, opp skogsvegane til Remestøylen og der i frå i rett linje til topps.

På vegen kan ein stikke inn om Hestehytta som ligge på kanten ned mot Innvikdalen. Gamleordførar Drageset står for dette praktbygget på ca 900 m.o.h.

Utsikta på fjellet er heilt ok. Her ser ein det meste av toppar ettersom fjellet ligg sentralt plassert i Nordfjord. På bilde over ser ein Cicilekruna (1717 m.o.h.).

Skarsteinfjellet har eit variert linjeval ned igjen. Den brattaste er ned Greinefonna på nordsida mot Olden. Den er legendarisk under stabile forhold. Lenger vestover på nordsida kan ein køyre ned mot Agjeldsdalen. Dette er ein superfin cruisingnedfart. Elles finn ein eit par linjer vis ein returnerar ned der ein kom opp. Desse er fine ved dårleg sikt eller ved ustabile forhold i dei linjene på nordsida.

Zoombilde mot Skåla. Her skal det ha vore rundt 40 stk som tok turen opp i dag. Håpar nokon faste Svedje og Fjell folk kan legge ut ein rapport frå Skåla denne dagen.

Neste sprell blir Neslenibba på Sunde i Oldedalen, opp eit band/egg, inn på platået på breen, ned til Flasteinbu før ein sklir ned igjen Kvamsdalen mot Oldedalen kor Høgalmen står klar med øl og bobblebad. Hiv dokke med når solen igjen sleppe fram....

HA Ei STRÅLANDE PÅSKE OG BLOGG KVAR EIN TUR PÅ SVEDJE OG FJELL

1 kommentar:

  1. Førstemann inn dørene på skålatårnet lørdag, og vi avlegg rapport når eg endelig ha klart å blada meg forbi alle bildene av Erik Flåten som er på kameraet. Han er no blitt heilt overeksponert!

    God påske.

    SvarSlett