søndag, mai 03, 2009

Yri-Ceciliekruna-Utvikfjellet

At det skulle bli bretur 1. maihelga var det ikkje tvil om. Men forskjellige datoar og ruter gjorde det vanskeleg å bestemme seg. Torsdag kveld i 9-tida la 3 kara i veg til setra på Innafor Yri. Der spela orrhanen slik at vi slokna rett etter kveldsmaten. Her ser ein turmålet godt - Ceciliekruna.Turen bakover Yridalen går på god rås i flott bjørkeskog. Over skoggrensa kunne vi ta på ski og feller. Her sit vi ved "Jakobsvarden" på 1380moh. Det brattaste er no unnagjort og godt er det! Likevel stig det heilt til ca 1700moh vest av Yri.
Mørke skyer og vind frå sør trua det meste av turen, men føret var godt og nedbør fekk vi ikkje. Vi ser Snønipa i bakgrunnen.

Var først inn på sørtoppen, men måtte opp på nordtoppen for å helse på gjengen som kom opp S-breden. Vi hadde snakkast om å møtast på toppen og det passa fint.


Takk til Jakob og Sigbjørn for ein flott tur!
Sigbjørn sine bilder frå turen ligg her http://flickr.com/gp/37996888@N02/3sy3w8








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar