søndag, november 08, 2009

Nordryggen på Holtafjellet

Ei hittil uoppdaga alpin perle vart utforska idag, nemlig nordryggen på Holtafjellet. Fleire bekjente har kikka på denne før, og rapportert om at denne kan spennande å klatre. Vi var som vanleg tidleg på, Svidal og eg. Starten på turen går frå Røyrhus i Hornindal, Svidal råkøyrte medan eg kunne gni søven ut av augene. Kaldt vêr gjorde det relativt myrlendte terrernget opp fra dalen lettgått, og etter en halvtimes gange nådde vi snøgrensa. Snøtilhøva var svært gode, skaren bar fint, dette lovde godt for klatringa.


Svidal på anmarsjen, med det høgste fjellet på sunnmøre, Kvitegga i bakgrunnen. Etter halvannan time nærma vi oss etterkvart innsteget, og under ser ein Holtafjellet frå nord, legg spesielt merke til den bratte vesteggen, nordeggen midt imot.

Svidal nytta tida før klatringa til å gå nokre rundar med seg sjølv, medan selar og utstyr vart teke på. Etter nokre brødskiver strutta karen av iver og pågangsmot, vi var igang!
Underteikna ved innsteget. Første del av ryggen er svært eksponert og luftig, lettare terreng mot toppen.


Svidal smiler på tur, her på 2.taulenga.



Nede i sadelen, startar på ryggen mot toppen, vesentlig lettare terreng her. Løpande mellomforankring frå hylla synleg midt på ryggen.




Svidal følger på, Sunnmøre badar i sol i bakgrunnen










Mot toppen! Luftig vassing!









Topplatået er stort og flatt, nydelig utsikt 360grader.
Ryggtraversen er flott,med mindre krevande klatring, og såleis egna for nybyrjarar som har klata ein del ute med egne sikringar. Ruta kan også stort sett klatrast under alle forhold.
Returen gjekk via fronten på Holtafjellet, forøvrig nydelig skiterreng, og vidare ned til Skårsætra og Garlid, der varm bil venta på oss.
Takk for flott tur!
Mvh
Frank-Jakob








1 kommentar:

  1. Bra tur ditta der. Du helde oppe aktiviteten på bloggen for tida Frank J. Du er herved kåra til året skribent. Penn kjem i posten. Har ein liten utforskingsklivetur eg skulle hatt deg med på ein dag. Loen opp til Hoven. Har du sett på den nokon gong?

    SvarSlett