fredag, januar 15, 2010

Tre karar på Sunnmøre

I ein mannsalder har vi kika på toppen som ruvar nord for Hornindalsvatnet kvar gong vi kjører over Langesethøgda. Og i dag kom Sverre oppover frå Stardalen, som saman med Kåre og underteikna susa mot Sunnmøre og Grøndalen for å gå på Eidskyrkja.


Eidskyrkja sett frå Langesethøgda i Markane



Eidskyrkja, òg kalla Kyrkjefjellet er med sine 1482 m det høgste fjellet i Volda kommune. Fjellet ligg sør for inste Austefjorden. Det er lettast å nå toppen frå fylkesveg 42 i Grøndalen, men ein kan også nå toppen frå Sunndalen, Høydalen eller Rinddalen. Eidskyrkja er det 58. høgaste fjellet i Noreg etter primærfaktoren.



Eidskyrkja er 1482 m høg og ligg i Volda kommune


Vi parkerte bilen på oppbrøyta parkeringsplass ved Grøndalsvatnet, ca 460 m o.h., og følgde preparert skiløype vidare inn til Grøndalstøylen. Her gjekk turen oppover mot Bygdaskaret i tildels tett bjørkeskog. Vegvalet vart bestemt av nokre dagar gamalt skispor frå andre fjellvandrarar, og etter ein times tid var vi oppe ved Fantekrålvatnet (802 m o.h.).

Sverre og Kåre på toppen. Voldafjorden i bakgrunnen.

Turen gjekk vidare oppover den moderat bratte fjellsida mot topp-platået. (Dette platået er ein rest av det gamle viddelandskapet som Norge bestod av før istidene kom for ca 2,5 mill. år sidan. Dette vert kalla den paleiske overflata) I denne oppstigninga låg det fin laussnø, så det var berre å gle seg til returen. Siste 200 høgdemeterane, på platået mot toppen, vart det etter kvart nokså skavlete.

Etter omlag 3 timar oppover og litt varm drikke på toppen, vart fellene pakka i sekken og returen unnagjort på omlag 20 min.
Flott skirenn nedover til Fantekrålvatnet 700 meter lengre nede... :-). Men fyttirakkaren kor melkesyra svei i låra etter siste bakken!


Eidskyrkja sett frå Heggjadalen. Over 1000 høgdemeter til toppen.



Vegvalet vårt er markert med orange farge
(kartgrunnlag: kart.statkart.no)

Betre bilder og kart frå turen kan du sjå her! (Tips: bruk stoppknappen nede til venstre når du ser på lysbildene, så kan du bla manuelt i den farten du ønskjer!)

Til slutt vil eg få takke Sverre og Kåre for flott tur!

PS! Sjå også artikkel frå tur på Eidskyrkja frå Austefjorden her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar