fredag, mai 14, 2010

Gjerde - Gjerde i full fart


Onsdag kveld gjekk alarmen om at det var godveir på gong. Etter ein time med hissig telefonering vart det klart at vi skulle frå Gjerde i Oldedalen til Gjerde i Jostedalen på ein dag. Eit lite team på 5 stk gjore seg klare og labba torsdag morgon opp Sundsdalen i retning Jostedalen.


Oldedalen sett frå toppen av "Nelkjegjølet", med Melkevollsbreen lengst inn  i dalen. Gjerde - Gjerde er ein gamal ferdselsveg mellom grendene på kvar si side av breen


Team "Svooosj over breen" med litt justeringar før vidare gange mot Høgste brekulen. Kåre Bøe, Per Helge Bø, Sverre Sæten, Rune Fjellseth og underteikna. Flotte forhold på breen, lett frustrerande smørje forhold.


Sverre på Høgste. Frå her til Steinmannen og ut Hauganosi og ned til Gjerde er det bort i mot berre nedover. Om kilometerane ikkje minka nevneverdig raskt opp til Høgste, så forsvann dei rimeleg kjapt ned frå Høgste til Jostedalen.


Det som er fantastisk med denne turen er hotellet i Jostedalen. Ikkje berre er det heilårsope. Her er det super service, god lokal mat, gode rom, billig og rett ein så hyggeleg plass å vere. Å kunne ta seg ei glaøl, her på verandaen, etter ein hard bretur er ei god oppleving.

PS! Stien ned frå Hauganosi går rett i husveggen til Jostedalen Hotell

Trykk på bilda så blir dei store.......

Takk for turen! 

1 kommentar:

  1. Ser ut te at øl'e hass Evan Lewis smakte!
    Rune R.

    SvarSlett