tysdag, juli 05, 2011

Sydeggen på Romsdalshorn

Vêrmeldingane var som dei har vore for fjordfylket i heile sommar,- ikkje spesielt gode, og ein måtte kikke litt utom fylkegrensa for å finne klatrevêr. Ein kjapp telefon til Odd i Romsdalen bekrefta fort at der var det tørt, og meldingane tilsa opphald fram til klokka 15 på søndagen. Endre satt i Sogndal og tvinna tommeltottar og pussa karabinar, og var sjølvsagt heller ikkje tung å be. Valet fall på sydeggen på Romsdalshorn, ei lita perle av ei rute som går i venstreprofilen på bildet ovanfor. Den kjende Halls renne i midten, den klassiske nordveggruta ute til høgre. Sydeggen toppar på Litlehornet, før ein må ned i skaret mellom toppane, der Halls renne kjem opp, for så å klatre oppatt til sjølve Romsdalshorn. Ruta er rekna for den finaste til topps og held grad 5+.


Romsdølene kallar dette anmarsj, vi andre dødelige kallar det klyving. Men men, opp kom vi.
Sydeggen i profil til venstre, toppar på Litlehornet, sjølve Romsdalshornet til høgre.
Sjølve sydegga midt imot. Her er det svært høgt ned til Romsdalen, og vi passerte fleire exitpoints for BASE-hopping.
Odd ledar første lengda, litt vrient å entre sjølve eggen.
Nedklatring til skaret mellom toppane. Nydelig rangling, fast og fint fjell.
På toppen med rikskjendisen Trollveggen i bakgrunnen. Retur gjorde vi via rappellruta i nordveggen. Ein er svært sjeldan aleine i denne veggen, så her må ein vere forsiktig slik at ein ikkje riv ut stein på folk under. Denne ruta er forøvrig også veldig fin som rute opp, grad 4 og 5 taulengder. Anbefalast!
Takk til Odd og Endre for flott tur!

3 kommentarer:

  1. Se her, Franken har fått seg blogg.
    Må få bli med deg på tur snart nå som eg har kært meg å klatre på naturlige sikringer,.
    Me snakkes vel i september i Suldal?
    Erik

    SvarSlett
  2. hei Erik. Nei, ikkje min blogg, men ein ski- og fjellinteressert gjeng lokalt der alle postar turar ein har vore på. Kjem til Suldal ja. Du er hjarteleg velkommen til Stryn ei helg Erik, så skal du jammen få klatre på kilar!!:) Berre ta kontakt, Åge var gira òg,så kan de samkøyre.
    Frank-Jakob

    SvarSlett
  3. Hei Frank-Jakob. Eg va inn å redigerte litt på litt på oppsetta dine på dei siste innlegga slik at ein ser fleire av innlegga under. Du har vore flittig med innlegg. Det er superbra. Fortsett med det. Eg skal skjerpe meg no og legge ut litt meir etter kvart.............

    SvarSlett